fredag, 10 september 2010

juni 29, tirsdag, 2010

   

Taxi 1 har som det første drosjeselskapet i Bergen innført rabatterte priser til alle eldre og uføre som har TT kort utstedt fra Hordaland fylkeskommune.

 



Informasjon om hvordan du kan få tildelt TT kort finner du på Hordaland fylkeskommune. Vi har tatt et utdrag av informasjonen som du trenger hvis du vil søke om TT kort.

TT-ordninga

 

Støtte til fritidsreiser og arbeidskjøring
Ordningane er for dei som ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet grunna sjukdom eller funksjonshemming. Helseforetaka har ansvaret for køyring til og frå medisinsk behandling.

Fritidsreiser
Blinde/sterkt svaksynte og rullestolbrukarar er prioriterte, men andre med vesentlig nedsett mobilitet kan og søkje. Funksjonsnedsettinga må ventelig vare minst 2 år. Fylkesutvalet har vedteke retningslinjene.

Korleis går du fram for å søkja
Det er to skjema som skal fyllast ut, eigenmelding og legeerklæring. For søkjarar busett i Bergen kommune får ein skjema ved å vende seg til:

Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen. Tlf 55 23 93 63

Søkjarar busett i kommunane utanom Bergen, får søknadsskjema ved å vende seg til bustadkommunen.

Eigenerklæringa skal brukaren sjølv fylle ut. Brukaren må vende seg til legen sin, for å få fylt ut legeerklæringa. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden vert behandla. Vi rår til at desse vert sendt samstundes til fylkeskommunen/bustadkommunen.

Skjema kan og hentast på våre heimesider.


Arbeidskjøring
Personar som har eit tilrettelagt arbeid kan søkje om arbeidskøyring, sjå retningslinjer, sjå brosjyre for meir informasjon. Brosjyre og nødvendige skjema finn ein på lenkjane under.

Transport til ordinert arbeid eller høgare utdanning grunna varig funksjonshemming er statleg ansvar, og blir handsama av NAV.


Tilrettelagte busstilbod
Alle fylkesgrensekryssande ekspressbussruter er lovpålagt å ha eit tilrettelagt tilbod for funksjonshemma.   

Kontakt operatøren for nærmare opplysningar.

Mange lokale bussruter har rullestolplass. Den lokale operatøren gjev nærmare opplysningar.